Irta's Quattro kom tilbake til oss

På grunn av allergi hos eiger kom Quattro tilbake til oss etter kun 2 dager hos ny eigar. Han blir derfor solgt til ein aktiv familie som ønsker å jobbe med han.

Ta gjerne kontakt med meg på telefon dersom du ønsker deg ein aktiv kvelp. Han er no 13 veker gammal og klar til å reise på nye eventyr.

Irta's Quattro 13 veker
Quattro kan symje
Klarte faktisk å stå iro ei lita stund:-)
Sit var ingen leik det heller
Quattro kan også springe fort:-)
Queen of The Night

Queen of The Night

Quinzi sit fast i tunnelen

Quinzi sit fast i tunnelen

Tiden går så alt for fort.

Då er dei første starta reist til sine nye heimar. Vi ynskjer dei alle lykke til.

Irta's Quality- alias "Aron"

Irta's Quest- alias " Diesel"

Irta's Quiz- alias "Frodo"

Irta's Quick Floyd

Irta's Quattro

Irta's Queen of the Night- alias Penny

Irta's Quickie

Irta's Quila

Irta's Qutee

Irta's Quinzi

Sliten gjeng

Heile gjengen er no ute å et mat og gjer frå seg etterpå mange gonger for dagen, og blir slitne når dei kjem inn att på "rommet" sitt.

Ute

Etter nokon dagar med ruskevær og kaldvær kom endeleg litt opphold og sol. Vi nytta dagen til å la kvelpane eta ute og gjera frå seg til kvart måltid.

Meir plass

No er kvelpane 4 veker gamle og har fått heile det gamle badet vårt der dei kan boltre seg på og vi har kort veg ut for å ete mat og gjere frå seg.

Kvelpane et no maten sin ute og tuslar litt rundt for å gjere frå seg før eg ber dei inn att. Flinke er dei.

Etter kvart som dei treng ennå meir plass får dei heile kjellaren og vi har dør rett ut i hundegården og rett i resten av hagen.

Kvelpane har no fått tenner og er så smått starta leike litt med kvarandre og med litt bamseleikar og har fått seg ein kattetunnel frå Biltema som alltid er populær hjå kulla våre.

Matservering

Dette kullet er det største me har hatt nokon gong, så eg starta tidleg med tillegg til kvelpane og ikkje lenge etter fekk dei knust "starter" frå Royal Canin og valpemelk. Noko som fall skikkeleg i smak.

No et dei gode måltid og veks i rekordfart. Alle er fortsatt veldig gjevne, men eg kan sjå at hannhundane no er litt større enn tispene.

No kjem dei på innkallingssignar når maten skal serverast og lograr og bit i buksebeina.

Eg har gitt dei bånd med ulike fargar slik at eg ved eit augekast kan vite kven som er kven. Kassen er snart for liten og vi skal utvide plassen.

I tillegg startar vi med litt melk og mat, gjerne som velling no i starten, så blandar me inn meir mat etter kvart. Eg må starte tidleg med denne svære gjengen, det er ikkje nok pattar til alle, så me prøver å rullere og bytte på i puljar slik at eg sikrar at alle får både melk frå Kimsy og mat frå skåla.

Kvelpane veks.

Kvelpane kosar seg og vert stadig større for kvar dag som går.

Me fekk 2 svarte hannar og 3 gule hannar; 2 gule tisper og 4 svarte tisper. 

Så det er ein herleg flott gjeng som me har her. Kimsy er kjempeflink med dei alle og vi prøver å passe på slik at det vert mat til alle og vi har starta med tillegg slik at dei skal vekse seg store og flotte:-)

Den 12 april kom kvelpane til Kimsy til verden. Ho hadde til saman 12 kvelpar, men me mista ei svart tispe, så me er heldige å ha 11 flotte kvelpar att. 6 tisper og 5 hannar.

Den 12 april kom kvelpane til Kimsy til verden. Ho hadde til saman 12 kvelpar, men me mista ei svart tispe, så me er heldige å ha 11 flotte kvelpar att. 6 tisper og 5 hannar.

Håpar på vårt Q-kull april 2015

 Mor til kullet er vår eigen Kimsy som no er parra og vi kryssar fingre for at det vert kvelpar her hjå oss i midten av april.

Far til q-kullet

Vår eigen ungdomsramp "Zero" - Irta's Ola Zero har fått den store æra av å verte far til vårt q-kull. Han kjem frå tispelinja mi som 5 generasjon som eg har hatt og er etter Ian som far. Zero er heilbror til sin eldre Irta's Lotus Don Vito og dei er ganske så like både i utsjånad og væremåte.

Du kan lese meir om Zero på hans eiga side og i tillegg finn du meir om hans søsken både på L-kullet si side og O-kullet, då eg gjentok denne kombinasjonen 2 gonger.

Del denne siden