dotrening ute

Kvelpane er flinke til å gjere frå seg ute og det er nesten ingen som har uhell i løpet av natta inne lenger. Kjempeflinke småtassar vi har:-)

6 veker

Tiden går så altfor fort. Her veks kvelpane i rekordfart og går no inn og ut sjølve når vi skal fore ute og gå på do ute. Dei går inn att trappa ved døra og inn på kjøkkenet der vi har ein liten inngjering slik av dei er avgrensa på eit område.

Det har siste tida vore eit kjempeflott haustvær og dei har fått vore lenge ute i hundegården kvar einaste dag og kosa seg. Leika, helst på nye mennesker kvar dag og gått inn i hundehuset og teke seg ein liten lur innimellom.

13 dager gamle

Augene er starte komme fram og Iris steller med dei som den gode mora ho er. I tillegg tek ho seg av kattungen vår som ho meiner også treng litt omsorg, leik og stell.

Alt er berre bra med dei små og dei prøver seg stadig på fleire utforskande bevegelsar for kvar dag som går.

2 hanner og 2 tisper født 26 august

O-kullet kom til verden den 26. august. Iris er stolt mamma og steller dei søte små som ein leik, trygg god mor som sørger for at dei alltid er gode og mette i kvelpekassa.

Svarte kvelpar ventast ca 26 august

Eg har gjenteke kombinasjonen frå L-kullet mellom min eigen Ian og mi eiga Iris. Du kan lese både på L-kullet si side og Ian og Iris sine sider for meir informasjon.

Iris er tydeleg drektig og no er ventetida igang her hjå oss. Vi ser fram til nye små som er velkommen her til oss:-)

Del denne siden