18 oktober

Da er 6 av kvelpane reist og har funne seg godt tilrette i dei nye heimane sine. Det er berre mi eiga Kamomilla og Klemet som er att i kvelpebingen og held huset  i ustand her heime. Klemet reiser først neste veke. Bia reiste på fredag til sin forvert

Eg vil ynskja alle lykke til kvelpen Dykkar. Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko de lurer på. Skal de forbi her, må de stikka innom så eg får helsa på:-)

Irta's K? (minsten).

Irta's K? (minsten).

Irta's K? ( minsten)
Flytta til sin nye fam på Eide, Nord-Møre
Tenkt brukt: Ettersøk, jakt, familiehund og turkamerat.

Irta's K? ( minsten)
Flytta til sin nye fam på Eide, Nord-Møre
Tenkt brukt: Ettersøk, jakt, familiehund og turkamerat.

Irta's Koss Major

Irta's Koss Major

Irta's Koss Major.
Tønsberg
Tenkt brukt: Tur og familiehund

Irta's Koss Major.
Tønsberg
Tenkt brukt: Tur og familiehund

Irta's Kompis

Irta's Kompis

Irta's Kompis 12.10.2011
Flytta til Måløy
Tenkt brukt: Mors Turkompis og familiehund,  kanskje litt utstilling,

Irta's Kompis 12.10.2011
Flytta til Måløy
Tenkt brukt: Mors Turkompis og familiehund, kanskje litt utstilling,

Irta's Klemet 12.10.2011

Irta's Klemet 12.10.2011

Irta's Klemet 12.10.2011.
Reiser til Stårheim
Tenkt brukt: Terapihund i jobben, sportrening og familiehund.

Irta's Klemet 12.10.2011.
Reiser til Stårheim
Tenkt brukt: Terapihund i jobben, sportrening og familiehund.

Da har vi hatt kosleg besøk av Inger Handegård og vi har sett opp og ned på kvelpane. Ho har teke bilder av alle jentene, gutta skal vi få prøve oss på etterpå eller i morgon.

Det REGNAR igjen, til den store overraskelsen for kvelpane såg dei ein rund gul sak på himmelen i går, men ser ut til at det var fyrste og siste gongen mens dei er her. Kvelpane må vera berre inne, så pottetreningen er det dårleg med om dagen.
Vi vasker og rydder litt ekstra, men er da litt stussleg at dei ikkje kan få vera litt ute å leike seg.
Eg prøver meg på å få bestemt meg kven som skal hit eller dit, men det er vanskelig denne gongen.

Irta's Kaisa  og Irta's Kira til høgre.

Irta's Kaisa og Irta's Kira til høgre.

Irta's Kira 09.10.11

Irta's Kira 09.10.11

Irta's Kaisa
Flytta 2 hus ned i gata her på Leikanger.
Tenkt brukt; Familiehund og turkamerat.

Irta's Kaisa
Flytta 2 hus ned i gata her på Leikanger.
Tenkt brukt; Familiehund og turkamerat.

Irta's Kamira til venstre og Irta's Kamomilla til høgre.

Irta's Kamira til venstre og Irta's Kamomilla til høgre.

Irta's Kamira (Mira) 
Flytta til Omastrand
Tenkt brukt: Blodspor og ettersøk. Familiehund.

Irta's Kamira (Mira)
Flytta til Omastrand
Tenkt brukt: Blodspor og ettersøk. Familiehund.

Irta's Kamomilla 09.10.11
Vert att her hjå oss på Kennel Irta.
Tenkt brukt: Vårt nye håp. utstilling, lydigheit, spor, litt jakttrening. Det meste av det som skjer.

Irta's Kamomilla 09.10.11
Vert att her hjå oss på Kennel Irta.
Tenkt brukt: Vårt nye håp. utstilling, lydigheit, spor, litt jakttrening. Det meste av det som skjer.

22 september

Kvelpane veks og trivst godt. Dei har utvikla seg har kvar sine personlegheiter og kjenneteikn kvar. Men aldri har eg vel hatt eit slikt kull som eg har hatt så store vanskar med å skille frå kvarandre. Dei er utruleg typelike og trivelege alle sammen.

Dei har no fått innreda kjellaren i uthuset til "utebarnehage" som eg likar å kalle det. Vart beslutta etter at det har vel regna kvar einaste dag sidan dei vart fødde....
Så no er dei liksom "ute" sjølv om dei er inne ute for å ha god plass til å leika, springe og utfolde seg. Er starta plukke med meg ein og ein inn på kjøkkenet når ting skal gjerast slik at dei får oppleve kjøkkenmaskin og anna bråk som måtte vera der.

Kvar einaste dag har vi hatt besøk den siste tida og kvelpane helsar på både store og små. Kimsy er "supertante" ho MÅ innom til kvelpane så ofte ho kan og sjekke om det kan vera dei har noko matrestar til overs eller om dei vil leike litt.

Superoldemor sit på utsida å filosoferer over dei små. Søte, men masete, for mange på ein gong seier ei gamal dame. Men dei hender dei søler med  maten sin, så det er best å ikkje halde seg for langt unna.

Uteservering

16. september

Kvelpane er stadig meir aktive og set no stor pris på nye utforskande leiker. Dei bærer med seg sokkar, småbamsar og prøver seg på filla. Tennene er komne og dei fyrste bitta i buksebeinet når du går inn på vaskerommet kjem.

Vi håpar det fine haustveret har tenkt å halde seg, slik at vi kan få ta dei med ut i helga for å ete mat og tusle litt rundt.

11 september

Da har kvelpane flytta inn på vaskerommet og fått meir plass å leike seg på. No et dei mat frå skål og kjem springande mot meg når eg kjem med maten.
Halane lograr og det vert kjekkare for kvar dag som går. Verkeleg søte små heile gjengen.

19 august 2011

8 kvelpar kom til verden her og det er 4 svarte hannhundar og 4 svarte tisper i kullet.
Kvelpane var store og fødselsvekta låg mellom 400 og 500 gram ved fødselen.
Alle er friske og raske og Bia er flink å stelle med dei.

Vi forventar aktive kvelpar som fortjener å bli trena med. Både mor og far er etter aktive linjer som er brukt til Blodspor, praktisk ettersøk, lydigheit, agility,  apporterande jakttrening og utstilling.

Ta gjerne kontakt med meg på telefon om du er interessert i ein aktiv kvelp til aktiv bruk.

Mamma Bia

Mamma til kullet er Irta's Fobia, "Bia"
Meir om henne kan du lese på hennar eiga side her.

Pappaen Ian

Pappa til K-kullet er vår eigen Ian,  NVCH Kjærskov Black Askær.
Meir om han kan du lese på hans eiga side her

K- kullet si stamtavle

Del denne siden