I-kullet vart født 6.april 2009

1 gul tispe og 7 gule hannar etter:

etter Irta's Dikazona(Dika) og NUCH Lemony's Catchdriver(Marko)   

9 juni:

Da er det 7. valp ute av huset og det er kun Investor som er att. Han storkosar seg som aleinekvelp og tuslar rundt med dei andre 5 voksne slik det passar han. Men no er kvelden kommen og han har sovna godt.

5.juni:

Reiseklare kvelpar. Då er 6 av 8 ute av huset og det begynner bli "stille og rolig" her igjen. De to siste kvelpane er dratt på helgeferie hos mine foreldre, sammen med Gutchi, Filiocus og Janka. Det er kekt med snille "besteforeldre" som stiller opp og passer små og store. Skjemmer nok bort barnebarna i helga som besteforeldre skal.

Så ikveld er det berre Eg, Tasha og Dika  som  driver og pakker og skal reise på sporprøver ihelga.

Reiseklar Vinni må leike litt med Oldemor Tasha før han reiser

Lucas og Vinni sover og er slite og klare for den lange bilturen til Oslo.

Iris er klar til å dra til sin nye familie

Eg er heldig for eg skal ikkje flytte lenger enn at eg kan bæres på armen hjem idag:-)

Reiseklar Simba må kose litt meg Oldemor Tasha før han reiser

Simba må ligge litt med mamman sin også før han reiser

Teddy må leike litt med pusen "Sussi" før han reiser

Teddy seier "ha-det " til mamma Dika

Isak

Eg, Isak  er klar til nye eventyr, gikk rett i bilnøklene til matmor når ho kom, halsbånd fikk eg på og alt sammen, klødde noe innmari dere.... Håper eg får det av igjen like fort som eg fikk det på....







29mai: 


Irta's Irwin Teddy; Kallenavn - Teddy- regnr NO41940/09 Tenkt brukt: Familiehund Flytter til: Lærdal

HB


Irta's Ivinnir - kallenavn "Vinni" regnr NO41943/09 Tenkt brukt: Familiehund Flytter til: Strømmen.

HF


Irta's Ikaro Simba- Kallenavn :-Simba- regnr : NO41938/09 Tenkt brukt: Familiehund  Flytter til: Ålesund

Minst


Irta's Investor regnr : NO41941/09 Tenkt brukt: Familiehund, være mors hund med på jobben:-) Flytter til: Løten

Nakke


Irta's Isak Kallenavn :- Isak- regnr : NO41942/09 Tenkt brukt:Familiehund, MorsTurkamerat, kanskje litt utstilling, spor og anna aktivitet. Flytter til:Lærdal

Rygg


Irta's Ivory Lucas ; kallenavn- "Lucas" Reg nr:NO41937/09 Tenkt brukt: Familiehund, (utstilling, og kanskje litt spor og anna aktivitet?) Bur: Sandviken

Stripe


Irta's Irresistible Oliver Twist; Kallenavn: "Oliver" Reg nr: NO41939/09 Tenkt brukt: Familiehund og turkamerat. Flytter til: Sogndal

VB


Irta's Irissiri- kallenavn Iris Regnr : NO41944/09 Tenkt brukt: Familiehund,utstilling og evnt avl. Flytter til: forvert for kennel Irta på Leikanger

Tispa

8 mai: Kvelpane er no ute og et maten sin og tuslar rundt om kring. Dei utviklar seg frå dag til dag og er nokre sjønne små tassar. Her er nokre bilder frå dagens utetur. Dei er utruleg kjekt å fotografere gule kvelpar:-) Dei er jo så fotogene:-)

Høyrde du det same som meg? Kva skjer?


Kva ser de?

Flink å gå på do ute allereide

Maten vert servert i hagen.

4 gutter



3.mai: Kvelpane får no meir og meir personlege trekk og eigenskaper og den fyrste kvelpen har no funne vegen frå vaskerommet og inn i stova på eigahand. Dei er raskt ute og undersøkjer gangen og doen når dei har høve.  

Her tek oldemor Tasha ei vask og litt stell på ein kvelp som ikkje heilt er hjå rett mor... Både bestemor Janka og Oldemor Tasha tykkjer det er stas å kose med kvelpane.

25 april: No går alle sammen og dei har idag fått større plass å tumle seg på. Dei er starta å ete og gomlar i seg og grisar rundt mens dei prøver å ete. Dei er fulle av mat når dei er ferdige og nokon prøver legge seg oppi maten. Dei er starta logre med halen når dei vert klappa. Dei fyrste er starta respondere litt på lyd og dei utviklar seg frå dag til dag med motorikk og hørsel.

Etter vi har ete kjem mamman vår og vaskar oss og ryddar opp etter matserveringa og så vert det tid til litt kos før vi sovnar.

19.april: Kvelpane veks og har no fått auger. Den fyrste markkuren er overstått og alt er bra med alle 8.

15 april: Ikkje mykje nytt å fortelje frå kassen anna enn at alt går kjempefint. Dei største har no passert 1 kg i vekt og det er nok ikkje mange dagane før augene er opne. Dei to som var små når dei vart fødde er også i kjempefin vekst, men dei er jo stadig minst, men legg på seg tilsvarande dei store og klarar seg flott ikampen om maten:-)

Mamma Dika meiner ho treng masse mat, særleg mat som kan stjelast, kattemat på øverste hylle på loftet....2 kg med treningsgodbiter..... 1/2 brød....osv...... I tillegg til dei 4 porsjonane med kvelpefor, kokt høne osv som ho får kvar dag.. Trur det er den første hunden som legg på seg mens ho har 8 kvelpar............

4 dagar gamle.                 

9.april: Den eine hannen døde i natt så no er det att 7 hannar og ei gul tispe og alle dei legg på seg og veks fint. Eg har fått lada kameraet og no er det tid får å legge inn nokre nye bilder av dei søte små.

8 april: Dika er kjempeflink ei mamma. Den eine av dei største hannane er ikkje heilt i slag, han legg ikkje på seg og har same vekta som han hadde når han vart født, så då vil tiden vise om han klarar seg. Eg hjelper dei miste i kampen om melka når det er servering så alle skal få sitt. Kvelpane er stille og rolege,  tydeleg nøgde med mat og varme:-). Alle dei 7 andre veks som berre det. Bilder kjem folkens, berre eg klarar å rote fram ladaren til kamera som eg akkurat ikkje veit kor eg har lagt hen.....

7 april: Kvelpane er født, det vart til slutt 1 tispe og 8 hannar som storkosar seg i kvelpekassen.  Her er heilt stille, dei søv og er gode og mette alle sammen. Dika er kjempeflink med dei små og utruleg roleg og tek det heile som den største sjølvfølge at desse små er hennas. Ho kosar seg med dei. Fleire bilder kjem folkens, men må prioritere litt "soving"  no når "barnevakten" dukkar opp og passer dei. Eg har teke imot kvelpar store deler av dagen i går/ og utover natta.

3.april: Dika vert større og større og det nærmar seg fødsel. Ho har vanskar med å finne ein god liggeplass og det vert stadig vanskligare å rekke fram å få klødd seg i øyret, men ho er fortsatt i kjempefin form. Vi har sett opp kvelpekassa og alt er no kommen i hus som treng før fødsel.

23.mars: Ikkje noko særleg nytt å fortelja, men magen  til Dika veks og veks. Dika er i god form, men det begynnar å verte slitsomt å finna seg ein skikkeleg liggeplass.

09.mars: Det er no tydeleg at det vert kvelpar til påske. Magen visar tydeleg både før og etter maten. Men Dika er fortsatt i kjempeform og her vert det nok nokre aktive krabatar som kjem tilverden. Dei har allereide opplevd ein del action.

Her nokre bilder frå helgast "fotoshot" i Gaupne hjå Inger.

 Foto Inger Handegård

Foto Inger Handegård

28.februar: Det er no tre veker sidan parring og Dika er starta på veke 4. Eg er fortsatt ikkje 100% sikker på om ho er med kvelpar, men ho har hatt alle "tegna" på at ho er drektig. Så vi kryssar fingrane for at det vert kvelpar i april.

Del denne siden