-J kullet vart født 27 oktober 2010-

 

5 svarte kvelpar  2 hannar og 3 tisper etter

Irta's Diesel Guro og  Kjærskov Black Askær (Ian)

 

26 desember: Da er begge hannhundane reist til sine nye heimar. Jack var den første som reiste rett før jul og Jupiter reiste i går. Ynskjer begge to lykke til i sine nye heimar og eg gledar meg til å fylje dei etter kvart som dei veks til.

Dei er vanskeleg å velje kven som skal kvar , men på onsdag må eg  bestemme meg, for da reiser vesle Jippi til Harstad saman med mamman sin og deretter Jublende Milla til sin kompis Frodo i Oslo. Begge jentene skal til hundevante heimar der dei deler familien med andre labradorer. Gleder meg til å fylje jentene også i sine aktive heimar.

19 desember

05.desember:

Alt er berre bra med dei 5 små her i huset. Dei et no maten i hagen og trenar på både innkalling og det å verte reinsleg kvar einaste dag. I tillegg er dei stadig på "raid i stua" og sovner under sofaen når dei  har bølla rundt.

Idag  har kvelpane vore ute i hagen og vi har prøvd oss på ståbilder av dei søte små. Ikkje berre enkelt å vera 5,5 veke og skal kunne stå fint stille på eit bord, mens ein vert fotografert. Men fekk OK bilder av nokre av dei.

 Tispe 1 Kvit flekk
 Tispe 2 små kvite hår
 Tispe 3 heilt svart
 Hann 1- Jupiter
 Hann 2 - Jack

J-kull 10 dagar

07. november: Alt er berre bra med dei 5 svarte og Guro. No veks kvelpane nesten som du ser det mens du sit i sofaen. Idag har dei fått sin fyrste markkur og det nærmar seg at augene snart opnar seg. Så dei vert jo berre søtare og søtare for kvar dag.

J-kull 6 dagar

30 oktober: Så skjedde det umulige i natt. Guro klarte å ligge ihel ein tispe valp i kvelpekassen sjølv om eg låg ca 30 cm i frå ho utan å høyre ein lyd. Så det var ei trist natt. Men vi fortsetter og tenke positivt å håper alle de 5 andre blir sterke og flotte valper. Vi får bruke vår energi på å stelle Guro og de 5 valpene som lever på best mulig måte.

29 oktober: Har laga ein liten video av dei små, fyrste gang eg lagar video og litt utforsking må til:

Link til videoen her: Irta's J-kull 2 dager 

Sit her og ventar på at mor mi kjem for å vera "barnevakt" mens eg tek meg ein tur i skogen med resten av hundegjengen som også treng sitt sjølv om det er kvelpar i hus.  Guro har fått kvelpekassen sin i stova og dei andre er stengde på vaskerommet og i gangen . Slik må vi sikre at det vert roleg rundt Guro. Men det er tydeleg at det er ro og harmoni i kassa for dei søv og slappar av både mor og  barn. Herleg stemning, kven treng tv, når ein kan sjå på kvelpar som kosar seg:-)

27 oktober:

Det vart født 9 svarte kvelpar her natt til den 27. Fyrst Tispe 1,  360 gr kl 00:30, deretter Hann 1, 438 gr kl 01:08, Hann 2 375 gr kl 01:38, Tispe 2 325 gr, kl 02:40. Så stoppa det heile opp og Guro streva felt får å få fram den neste hannhunden Hann 3. Vi tok ein køyretur og han kom til slutt. Han var veldig slapp og han klarte ikkje meir enn nokon timar og Guro verka ikkje til å bry seg serleg med han heller. Vi prøvde tilleggsforing og få han til å suge , men han døde på formiddagen.

Den neste som skulle ut var Tispe 3, ho kom på veg til Dyreklinikken i Sogndal , men ho var dødfødt. Mens vi venta på dyrlegen i Sogndal poppa der ut ein Hann 4. Han hadde den same slappheita og den dårlege sugeevnen som hann 3 og han døde same dag han også.

Men vi visste det var fleire og no måtte resten ut etter at tiden gikk. På dyrlegekontoret vart det født tispe 4, 430 gr,( veit da søren kva kl var...???) Etter ein kaffi hos dyrlegen kom sistemann også. Tispe 5, omtrent så tung som tispe 4 og tiden var ein kaffikopp etter tispe 4........ vart født. Vi kunne konstantere at det var siste og at vi kunne komme oss heim med Guro og kvelpane. Guro var glad for fred og ro i kvelpekassen og eg var klar for ein dusj eg og etter ei lang natt.

Så no sit eg her i stova i "barselpermisjon" og kikkar ned på 6 flotte kvelpar og gledar meg over dei.  Slik er det å vera oppdrettar, nokon gonger er det ikkje alle som har livets rett og som ikkje klarar seg. Slik er det, men vi gledar oss over dei 6 vi har som ligg gode og mette i kvelpekassen. Det er alltid ein unik opplevelse med kvart eit kull som kjem til verden.

 

To foreldre i farta. Ian og Guro på  Vikafjellet september 2010.

 

Meir om Guro:

Guro ble solgt som valp til Gro i Harstad i 2005. Eg har no vore så heldig å fått ha et kull på Guro for å gå vidare på denne linja etter at eg mista søstra Dika i vinter. Eg håpar på å få behalde ei tispe etter Guro.

Guro blei den 27 og den 29 aug parra med min eigen Ian. Du kan lese meir om han under hanner.

Gro trenar Guro med redningshundene i nord. Dei trener lydigheitsøvelser og brukes til mykje tur i skog og mark, der Guro gladelig trekker pulk, trekker Gro på ski osv. Guro har i tillegg vore på utstilling og har fått fleire CK' er. I tillegg har ho fått 1 CERT og blei BIR på utstilling i sommar.

Fleire bilder av Guro:

 

Del denne siden