G-kullet vart født 25 april 2008

Her vart det født 7 kvelpar. 1 gul tispe, 1 svart tispe, 2 gule hannar og 3 svarte hannar.

Irta's Geisha, Gandhi, Giggs, Gutchi, Gretchenzo, Galileo og Good As Chocho

Etter NMB 07 NSVCH Svegro's Tasha og NV-07 Surprising's Valiant

20 juli:  Heretter vil eg legge inn tilbakemeldingar under "klemmar" frå kvelpekjøparane. Denne sida vil difor ikkje verte oppdatert framover.

13.juli:  Då er det tid for litt oppdatering. Då det er lenge sidan, men sommaren går så altfor fort. Alle G-ane er flytta til sine nye familiar og veks å trivast er tilbakemeldingane. Det vert kjekt å fylje med dykk vidare dersom det høver. Takk for alle SMS ar og mailar frå Dykk. Fortsett med det,men vær snill å ikkje sende så STORE bilder og SÅ MANGE i mailane, for eg har snart sprengt mailboksen og får ikkje til å hente ut alt...

10 juni.  Eg har kjøpt meg nytt kamera, men har fortsatt ikkje peiling på å bruke det.... Men nokre bilder vert det uansett, sjølv om kvaliteten er så ymse. Valpane har hatt nokre slitsomme dagar no når det har vore så varmt over lengre tid. Endeleg orkar dei springe og leike masse i hagen utan å pese og leite febrilsk etter den beste skyggen att.

To gule som vil bli mulvarper, dei to gule gutta?         Den svarte jenta.                        Ein ny sporhund?, Den gule tispa.

29.mai.  Kvelpane veks og kosar seg i det fine veret om dagane. Dei er mykhe ute og spring i hagen og er starta som "flinke" garnerar desom ingen passar dei. Dei får alle sine måltid ute og er snare med å gå på do etterpå. Ein kjempeflink gjeng. Dei er utruleg jevnstore alle 7.

Vi har hatt besøk av valpekjøparar frå både Trondheim, Tønsberg, Førde, Årdal og Sogndal. Det er mange som gledar seg til kvelpane er klare for å flytte til sine nye heimar.

Eg er treg med bildetaking og utlegging på sida, men her kjem det endeleg nokre nye bilder av dei søte små.:-) Som vanleg får eg OK bilder av dei gule, mens dei svarte vert svarte klumpar på bilde......

Den gule tispa

Tasha serverar melk etter at dei er ferdige med hundematen:-) Begynner eigentleg å bli lei heile gjengen, mykje kjekkare med andre ting no:-)

 

Dei to gule hannane :-)

14.mai :  Då har eg flytta gjengen ut på vaskerommet og gitt dei meire plass å boltre seg på. Dei går inn i buret sitt å legg seg og går ut på aviser for å tisse, retteleg flinke småvalpar:-)

Dei slurpar i seg mat som vert servert. Nam, nam, med kvelpemjølk og karbonadedeig.

11.april:  Ein gjeng med utruleg jevne kvelpar som no kravlar avgårde i den farten. Eg må nok snart byte ut kvelpekassen med litt større plass dei er på veg over kassen. Tasha står no som regel når dei skal ha mat og dei forsyner seg skikkeleg. Eg må passe Tasha for ho gir mat til både F og G.kullet dersom ho får anledning.... Tasha serverer alle melk og Janka kastar opp ferdig oppbløyta for til heile gjengen så då skulle vel alle få det dei måtte ynskje.....

30.april:  Alt er berre bra med dei søte "små".

26 april:   Idag er dei 1 dag gamle og det er roleg og harmonisk i kassen. Det er tydeleg at både kvelpar og tispa har det bra. Dei "små" er meir som nokre runde marsipangrisar. (Breiast på midten:-) Dei har utruleg velutvikla navigeringssans og er straks på føtene dersom dei rullar vekk frå Tasha og finn vegen tilbake med ein gong.

25.april:   Fødselen var igang og Tasha pressa og pressa, men ut kom det ikkje noko.... Det var ein svær svart hanne som var på veg ut, men klarte dette ikkje av eigen hjelp. Vi sette oss i bilen på veg til Gaupne for keisersnitt.

 Fotograf:Inger Handegård

Den eine kvelpen kom ut "rette" vegen med mi drahjelp på innovervegen til Gaupne. Resten måtte me hente ut under keisersnitt. Det var STORE kvelpar. Den "minste" vog 481 gram og den største vog 643 gram. 

Ivrige massørar:-) Fotograf begge bildene over: Inger Handegård

På venterommet på dyreklinikken stilte gode hundevenner opp frivillig, kallar dei "massasjeteam Springer" og klare til å ta imot kvelpane. Dei masserte, tørka og stellte kvelpane etter kvart som dyrlegen plukka dei ut og gjorde det til at eg kunne ta med alle kvelpane i kjempefin form heim att. Tusen takk til Inger, Bodil, Torill og Elin Anita for kjempegod hjelp under keisersnittet :-)

Fotograf begge bilder over: Inger Handegård

Utruleg flotte kvelpar og ei flink mor som tok seg av kvelpane straks vi var heime att etter keisersnittet sjølv om ho var noko i ørska.

19 april:  No nærmar det seg kvelpar og det er omlag ei god veke att til dei kjem. Tasha er i god form, legg seg godt tilrette i sofaen når anledningen byr seg og veltar magen i været.... Det er aktivitet der inne for når Tasha ligg roleg på golvet, kan eg tydeleg sjå spark her og der med jamne mellomrom. Ho er blid og fornøyd og tek gjerne ein liten leik med F- kvelpane i hagen dersom dei er ute på likt. Ei utruleg sprek 8-årig drektig dame med sitt 4 kull.:-)

  Eg har ennå over ei veke att..

30. mars  Det er tydeleg at Tasha er drektig. Det vert kvelpar i slutten av april. Skulle tru på Tasha at ho treng mat til mange, for ho sjekkar stadig om det er matservering og stirrer meg inn i augene som om eg hadde gløymt ho. Formen er kjempefin, ho er med på tur og held fint følge med dei andre.

 Fotograf Gry Stenvold            

Del denne siden