12 veker

Då er det to hannhunder att her hjå oss. Den eine reiser no til helga og den siste reiser sannsynlegvis neste veke, så då blir det stille her i kvelpekassen for ei god stund.

Ønsker dei to siste også lykke til i sine nye familiar:-)

9 veker

Då er 3 av kvelpane flytta til sine nye familiar. Først reiste vesle Philadelphia til Tranby, så samme dag reiste Philofax til Trondheim og nr 3 reiste som Philly til Jøster i går. så no er det kun 3 att her heime.

Phoebe skal reise på mandag , men dei to gutta Photo og Phoenix ikkje har fått seg nye kjøparar ennå. Men inntil dei rette dukkar opp, så blir dei her saman med oss og hundeflokken.

Navn, nummer, kven reiser kvar?

Kven skal kvar? . Alltid det store spørsmålet.

Skal få tatt litt bilder og lagt ut av kvar og ein av dei før dei reiser.

Irta's Philadelphia

Tispe flytta til Tranby.

Irta's Photo

Hannhund med Grønt halsbånd, har merka han med halemerke.

Irta's Phoebe

Tispe flytta til Hole ved Hønefoss.

Irta's Phoenix

Hannhund med grått(tidlegare turkis) halsbånd, har merka han med nakkemerke.

Irta's Philly

Hannhund flytta til Jølster

Irta's Philofax

Hannhund flytta til Trondheim.

7 veker

Fredag 16 mai var alle kvelpane til veterinær for chip-merking og helseattest. Vaksine skulle vi vente med, så dei slapp unna med eit stikk til chipen.

Alle har fått navn, registeringsnr i NKK og chip, så no er dei alle klare for sine nye heimar.

Ingen kvelpar som vart bilsjuke, alle hadde alt i orden på helsesjekken og alt var berre fryd  med dei 6 til veterinæren.

Eller nyt kvelpane det fine været og det er stor stas å få kunne vera i hagen saman med dei andre "tantene" her i huset. 

 

6 veker

"Stesøstra" får også smake på skvettane som er att i Bia. Bia snill som ho er aksepterer greit at det er kommen ein kvit liten tass i tillegg til sine eigne.

Men no driv vi med litt avvenning , så det er no ikkje mykje melk att i Bia. Ho kosar mest med dei og deretter vil ho heller ta seg ei leikeøkt med dei i hagen.

6 veker

HJELP? KVa har skjedd??

Ein kvit?...

HEHE.. No har kvelpane fått seg ei ekstra "stesøster" som er ein Engelsk Setter kvelp som dessverre vart einebarn når ho vart født og har ingen ¨å leike med, så  då er ho her på "hundeSFO". 

4-5 veke

Det flotte vårværet har gjort at no er kvelpane ute å et, går på do og leikar litt før dei kjem inn att. Dei er berre så flinke og allerede på god veg til å verte reinslege.

Vi har laga til eit leikerom til kvelpane i kjellaren med utgang rett i hagen, så tek vi dei med oss rundt og inn på kjøkkenet etter at dei har vore ute slik at dei er der med oss for å oppleva huslydar, støvsugarar og andre bråkete lydar som vi har inne.

Kvelpane har hatt besøk av dei første kvelpekjøparane som har vore å sett. Det var stor stas. Dei er sosiale, trivlege kvelpar der dei er utruleg like som typar og ingen av dei som skil seg særleg ut ennå.

3 veker

Kvelpane har fått smaken på fast føde og et no maten sin i kvelpeskåla.

2-3 veker

Alle kvelpane har opna augene og er starta å respondere på lydar som er rundt dei her inne.

Tiden er kommen får å gi dei meir plass til å leike og boltre seg på. Så no må vi vekke med den fødselskassa og inn med ein større binge slik at dei får plass til å leike.

Livets realiteter.

Søndag 30 mars.

Vi mista den eine hannhunden i kullet. Så no har vi att 4 hannhunden og 2 tisper  og alt er berre bra med dei.

kvelpar fødde 27 mars.

Bia fødte 7 svarte kvelpar 27 mars. 5 hannhundar og 2 tisper såg dagens lys på ettermiddag/kvelden her hjå oss. Alt er berre bra med alle saman. Bia er ei kjempeflink mor som steller og ordner, samt tek det heile med stor ro og kviler seg når ho kan.

Bia og kvelpane har kassa si på kjøkkenet slik at ho har ein plass for seg sjølv utan dei andre hundane eller ein ivrig 1-åring som kjem krabbande.

Det nærmer seg kvelpar.

Bia veks og har det berre bra. Vi har starta å måle temperaturen kvar morgon for å vera sikker på at vi får med oss eit temperaturfall og signal om at fødselen er i gang. Kvelpekassen skal setjast opp ikveld og vi må rydde litt her og der for å gjere klart til dei kjem.

Kvelpekassen får plass på kjøkkenet, slik er det hjå kjøkkenoppdrettarar..... Vi tek vekk kjøkkenbordet og plasserer ein kvelpekasse der istaden.....

Bia er i fin form og er fortsatt med på tur i skogen saman med dei andre hundane her heime, men i går måtte ho bli heime, då det datt ned over ein halv meter med nysnø som var tung å gå i.

P-kull ventes født ca 26 mars 2014

Bildet er frå vårt F-kull og her ligger mor til vårt ventende P-kull som valp.

Bildet er frå vårt F-kull og her ligger mor til vårt ventende P-kull som valp.

Vår eigen Irta's Fobia( Bia ) er parra med vår eigen Irta's Lotus Don Vito og Bia ventar kvelpar i slutten av mars. Det kan ventes både gule og sorte valper i dette kullet.

Mor til valpene

Vår Irta's Fobia, til dagleg Bia er mor til vårt ventande P-kull. Bia har hatt 2 kull tidlegare, vårt K-kull og i tillegg har ho hatt eit kull hjå Svegro kennel som vi samarbeider nært med.

Les meir om Bia på hennes egen side her : BIA

Far til valpene

Far til kullet er vår egen Lotus. Dette blir hans første kull og vi gleder oss til å ta imot noen små Lotus-valper. Du kan lese mer om Lotus på hans egen side her: LOTUS

Del denne siden