8 veker

Da reiste dei to fyrste jentene frå L- kullet. Irta's Lavindi (ryggmerke) reiste først. Ho skal jobbe for å verte Per Gunnar sin nye lavinehund. Vi ynskjer dei lykke til :-)

Deretter reiste Pinky ( halemerke) den lange vegen til Sandnes. Ho heiter på stamtavla Irta's Lapinky. Vi ynskjer heile familien lykke til med Pinky.

Hannhund merke høgre bak

Hannhund med merke ryggen

Hannhund med merke venstre fram

Hannhund merke bak på rompa

Tispe merke venstre bak

Tispe med ryggmerke

Tispe med halemerke

Lek og kos

Tante Kimsy er verdens beste lekekamerat:-)

Tante Kimsy er verdens beste lekekamerat:-)

Alle bidrar

Kvelpekos på kjøkkenet, med mamma Iris, pappa Ian og tante Bia må inspisere.

Kvelpekos på kjøkkenet, med mamma Iris, pappa Ian og tante Bia må inspisere.

Alt er berre bra

Tiden går så alt for fort. Kvelpane veks og trivst alle 7.

Kvelpane et mat og kosar seg.

Kvelpane et mat og kosar seg.

L-kullet født 1 januar

1 januar vart det født 7 store svarte kvelpar her hjå oss. 3 tisper og 4 hannar såg dagens lys. Dei veks og får alt dei måtte ynskje av si mor Iris som er kjempeflinke med dei. Ho steller og matar som det er den største sjølvfølge og dei er allerede ein stille og fornøgd gjeng i kvelpekassen.

Ventetiden snart over.

Da nærmer det seg fødsel. Iris har vore på tur og er i kjempefin form, men tek det i sitt eige tempo då ho etter kvart er vorte ganske så stor.
Valpekassen er sett opp og alt på plass til fødselen set igang. Heimekontor og litt skiftjobbing når eg får barnevakt er etablert. Kjekt med ein fleksibel arbeidsgivar og litt oppspart ferie til kvelpekullet kjem.

Nyttårsbarn?

Vi ventar svarte kvelpar ca 1 januar.

Nærmar seg

29.desember
Blir det nyttårsbarn? Det nærmar seg kvelpar. Iris er ganske stor og eg er starta måle temperaturen på henne. Den er fortsatt på ca 37,5 så det tek nok ennå nokre dagar før det skjer noko.

Eg har handla inn det som trengst av tisseunderlag, høne, kalk og druesukker.
Kvelpekassen skal på plass i stova ikveld og hønene skal kokast.  Alle tepper er vaska og tørka, handkle skal finnast fram( så får vi rydda i handkleskapet samtidig🤩, der er jo ein fordel.)

Skal prøve komme med bilder av Iris og magen , men kameraet mitt står til lading etter straumlausa, så skal sjå om det kan gå ikveld.

Iris- mor til L-kullet

Mor til L-kullet: Irta's Irissiri: Iris er født i 2009 og var einaste tispe i eit kull på 10 etter min eigen NVCH Irta's Dikazona. Iris skullle behandast, men naboen ynskte seg ei tispe, så difor bur Iris til dagleg hjå han. Eg tek ho med på utstillingar og forverten sjølv er flink å trene Iris på blodspor. Iris kom til "fødeklinikken" på veslejulafta, så no ventar vi berre til det heile er igang.

Iris har CERT og Best i Rasen som sitt beste resultat frå utstilling. Ho har aldri i sitt liv vore sjuk. Ho er fri for AD og HD med A, har god pels, elskar å bade, symjer som ein sel, har eit pågangsmot og er kvardagslydig. Ho er kontaktsøkande, kosete og elskar å trene på nye ting. Frå ho var liten har ho vore med må mange fjelltoppar. Iris er familien sin kjeledegge og er musikalsk. Ho  "syng" når minstejenta i huset tek fram klarinetten sin.....

Iris har starta på ein einaste sporprøve og gjekk til 1.premie på den med flott kristikk. Vi håpar å få starte på fleire prøvar i løpet av 2012.



Ian - far til L-kullet

Far til L-kullet: NVCH Kjærskov Black Askær. "Ian" født i 2009 i Danmark og eg henta han heim til Norge når han var 10 veker gammal. Ian bur heime og er min godgutt og han er ein skikkeleg glad mammadalt. Han lograr med heile kroppen og meiner sjølv at han må få all kos....

Ian er premiert både på utstilling med 2Xcert og 2xBim
Kvalifiseringsprøve bestått på jakt, han er ein apporteringsvillig hund som elskar å bære.
Norsk Viltsporchampion
Han er trena i lydigheit, men ikkje starta på noko offisielt ennå.

Ian har to kull frå tidlegare og eg har ei tispe frå kvart av desse kulla. Irta's Juba Baluba og Irta's Kamomilla.

Du kan lese meir om Ian på hans eiga side her 

Del denne siden