Då reiser dei siste kvelpane snart.

Denne veka reiser dei siste kvelpane i kullet og vi ynskjer alle nye kvelpekjøparar lykke til med desse koslege små-krabatane:-)

Nokon er like i nærleiken og andre hadde litt lenger reiseveg.

Kvelpane er leveringsklare

Alle kvelpane er no klare for nye utfordingar og den første tispa er allerede reist til sin nye heim. på grunn av avbestilling av to kvelpar har vi no ledig både tisper og hannhundar.

Irta's Spotify 7 veker- reservert

Irta's Spotty 7 veker- solgt

Irta's Spot Price -solgt og reist til sin nye heim

Irta's Spot Princess-solgt

Irta's Spot On Me- reservert

Irta's Spot Light- reservert

Irta's Spot- solgt

Irta's Spotify 7 veker-reservert

Irta's Spotty 7 veker-solgt

Irta's Spot Price - solgt og reist til sin nye heim

Irta's Spot Princess- solgt

Irta's Spot On Me- reservert

Irta's Spot Light- reservert

Irta's Spot -solgt

Kvelpane er no ei veke

Kvelpane veks og trivst og Baluba steller dei så flott som berre det.

Fleire bilder kjem etter kvart, men fortsatt er dei no veldig klumpete:-) og søte.

Kvelpane er født

Mandag 16 november vart det ein travel dag her hjå oss då 11 store kvelpar kom til verden. Dessverre var det 3 som ikkje klarte seg og to dagar etterpå mista vi også ei svart tispe. Fødselen blei trøblete og enda til slutt med at dei to siste måtte takast ut med keisersnitt. Det er ikkje berre berre å ha så fullt opp med kvelpar og i tillegg store flotte.

Så S-kullet vart til slutt 7 kvelpar.

2 svarte tisper

2 gule tisper

3 gule hannhundar 

Far til kullet

Kimbajak Starry Night- "Kim"

Kim er ein ung herremann som kom til Sverige i august 2015 og bur på kennel Smart Fellows.

Han er ein flott mørk gul hannhund som både apporterer og ser flott ut.

Les meir om Kim på hans eiga side her: Kim

Mor til kullet

Mor til vårt S-kull er vår Baluba ( Irta's Juba Baluba)

Det er Baluba sitt andre kull og ho er også mor til vårt N-kull som vart født i 2013. Baluba er ei meget roleg og grei mamma til sine kvelpar. Ho steller dei og ordner og held det strøkent og i orden til ei kvar tid.

Les meir om Baluba på hennar eiga side her : Baluba

Del denne siden