Kimsy

Helsestatus og Resultater

Etter: CH & Swiss J.CH Tintagel Winds Xanadu - SW CH & NO CH SW-11 Smart Fellow´s The New Blonde

Reg nr: SE20300/2011
Født: 13.02.2011
HD- fri ( A) og
AD-fri (A) 
Øyne:u.a 13.12.2012
PRA:Optigen-Clear by parents


Utstilling: Excellent og CK.

3 X BIR og BIG valp; 1 X BIS 3 valp

Kimsy i hverdagen

Ja sofahund, sansen for det mjuke underlag. Gjerne 3 puter frå sofaen oppå kvarandre med Kimsy på toppen. Litt prinsessa på erten-tendensar.
Lydig og grei, ein kan ha ho med seg overralt, alle berre likar Kimsy.

Ho er det gule gullet i huset, set seg ved føtene til alle som kjem på besøk for litt kos, eller krabbar opp i fanget sjølv om ho etter kvart er over 30 kg. Ein gong liten alltid liten.

Kimsy på utstilling

Kimsy er stilt på utstilling i Juniorklasse og unghundklasse og har som sitt beste resultat oppnådd Excellent og CK.

 Då Kimsy var kvelp oppnådde ho på 3 dagar. 3X BIR og 3 X BIG og 1X BIS3.

Kimsy på jakt

Apporterer meget godt. Vi er kun kommet så vidt i gang med å introdusere grunnferdigheiter her. Men vi skal no trene, både for moro og ein kvalifiseringsprøve må vi jo ta sikte på.

Kimsy på blodspor

Kimsy er godt igang med sportrening og vi håpar å kunne starte på prøve i løpet av vår/sommar 2013. 
Kimsy skal trenast og vi har som mål å starte på blodsporkonkurranser og deretter klare eit Viltsporchampionat.

Kimsy på lydigheit

Jobbar med ein del grunnferdigheiter, så får vi sjå om det vert konkurranse etter kvar. Det viktigaste for oss er ein hund som er lydig i alle situasjoner i kvardagen, så der er vi på god veg.

Kimsy som turhund

Kimsy elskar tur i skog og mark, ho spring gjerne men har alltid kontroll på kor den som går med ho er.

Kimsy som avlshund

Kimsy er mor til vårt M-kull som vart født 7 april 2013 etter vår eigen Vinni.


Her er Kimsy

Her er Kimsy "tante" til eitt av våre tidlegare kull.

Kimsy som "liten"

Kimsy 9,5 veke gamal

Kimsy 9,5 veke gamal

Del denne siden