Eg og Tasha etter at vi vann NM Blodspor 2007. Fotograf: Inger Handegård.

Eg og Tasha etter at vi vann NM Blodspor 2007. Fotograf: Inger Handegård.

Labradoren- den allsidige

Eg ynskjer meg ein aktiv, rasetypisk og sunn labrador som vil jobbe med ulike aktivitetar saman med eigar.
Eg trenar hundane mine i det meste. Mykje for å aktivisere hundane i kvardagen og nokre aktivitetar for å konkurrere.

Frå dei er små får dei vera med på det meste og eg vil ha ein hund som kan vera med overalt i alle miljø som kan vera aktuelt når dei vert voksne.

Labradoren som turhund

Turlabradoren:
Eg likar gå tur i skog og mark. Mine labradorar likar godt turar i skog og mark og bær gjerne kløv, trekker vogn og kan snørekjøre på ski. Så lenge dei kan utfolde seg i ulendt terreng er det stor stas.

Labradoren som sporhund

Sporlabradoren:
Eg trenar alle mine hundar til å gå spor. Det gjeld både pølsespor, menneskespor med pinnar eller blodspor.

Eg konkurrerar med mine hundar i blodsporkonkurransar og har av beste spormeriter saman med mine hundar til no:

6 Norske Viltsporchampionar Tasha, Janka, Dika, Ian, Filiocus og Kimsy
3 Svenske Viltsporchampionar Tasha, Kimsy og Ian
1 Norgesmester Blodspor 2007 Tasha
2. plass med det Norske Retrieverlandslaget i Nordisk mesterskap i Danmark i 2009. Tasha
2 godkjende ettersøkshundar som har vore brukt i praktisk ettersøk. Tasha og Janka.

Labradoren som ettersøkshund

Ettersøk er ein fantastisk oppleving både for hund og eigar. Eg har vore med i Sogndal Ettersøkslag der eg har bidrege med mine ettersøkshundar i 4 år. No er det tiden med to små ungar i familien som vert prioritert, så dette får eg ta opp att når dei vert litt større.

Eg har hatt 2 godkjende ettersøkshundar som har vore nytta i praktisk arbeide.

Eg har fleire kvelpekjøparar som også har godkjende ettersøkshundar og brukar hundane sine til praktisk ettersøk. 

Labradoren som redningshund

Eg har solgt hundar som vert trena i Norske redningshundar. 

Irta's Lavindi har godkjent B lavine som eitt-åring og A-godkjent både sommer og vinter som 2.åring. Vi gleder oss over dette og veit at Per Gunnar og Indi trenar og gjer ein kjempeflott jobb i NRH. Indi har stor arbeidslyst i arbeidet med Per Gunnar.

Indi fungerar utmerka i jobben sin som redningshund saman med Per Gunnar. Ho har liksom eit ekstra gir.

Labradoren som lydigheitshund

Eg prøver først og fremst å ha kvardagslydige hundar, men av og til deltek eg i lydigheitskonkurransar. Mest for moro, men også for å ha nokre mål å trene mot.

Eg har konkurrert i Lydigheit med 6 ulike hundar.

Beste oppnådde resultat er 2.premie i klasse 3.

Labradoren som jakthund

Eg trenar apportering med alle mine hundar. Men denne aktiviteten har til no vore mest for moro både for meg og hundane mine. Blir mest trening på eigenhand og skulle gjerne fått litt meir hjelp til å komme vidare med denne aktiviteten.

Her ser ein verkeleg kva som bur i ein labrador.

Eg har delteke på jaktkurs med dei fleste av mine hundar og har fått 4  godkjende kvalifiseringprøvar.

Eg har starta på kun ein prøve,Ian starta på prøve i Agder og gjekk til 3. BK. Dette er berre fantastisk morro og eg skal komme meg på fleire prøvar i framtida!

Labradoren som agilityhund

Eg har trent og konkurrert litt agility med mine hundar, men kun for moro. Flott aktivisering av hund som er moro både for hund og eigar.

Krevst ein del av denne aktiviteten mht utstyr og avstand til treningsbane når eg flytta til Leikanger att og den har difor vorte dalande.

Eg har oppnådd
2 gonger 1.premie i Agility Hopp STOR Kl 1
1 gong 2.premie i Agiliy STOR Kl 1

Har trena 3 av mine labradorar i agility.

Labradoren som utstillingshund

Eg stiller ut alle mine hundar. Mest av alt fordi det er moro, ein får ein kjempeflott sosialisering av hundane som taklar å vera på ein stad med så mykje hundar.

Eg vil gjerne ha ein rasetypisk hund som i tillegg kan jobbe.

Beste utstillingsresultat er Best i Rasen. Dette har eg oppnådd med Janka, Iris og Filiocus. Ellers har eg fått det meste av fargar og resultat i ulike samanhengar.

Labradoren som avlshund

Eg har hatt mange kull med labradorkvelpar og det første vart født i 2002. Det har variert om det er kull kvart år, eller om det er fleire kull nokre år. Det avhenger jo av tid, tisper og andre ting som skjer i løpet av året. 

Alle kvelpar veks opp inne i huset saman med oss. Dei vert født i stova eller på kjøkkenet og lærer seg alle "innelydar" så snart dei kan høyre. Etter kvart som dei veks til, lærer dei seg å gå ut i hagen å eta maten sin der.

Om årstiden er med oss, får dei vera i hundegården. Alle som kjøper hund her får tips og råd så lenge dei måtte ynskje.  Eg prøver å hjelpa alle så godt eg kan.

Eg har fått mange kjekke bekjentskaper gjennom hundane som eg betyr mykje for meg og som er vennskap for livet.

Labradoren som sofahund

Alle hundane her hjå oss bur inne i huset saman med oss. Dei ligg gjerne i stova i hundesenga saman med katta. Ellers så kryp dei gjerne saman inn i eit bur som måtte evnt skulle vera opent. 

Eg jobbar med at hundane skal vera roleg om dei er inne. Ingen får stå ute i hundegård og bråke eller bjeffe, då tek vi heller turen i skogen for å få ut litt energi av gjengen.

Inne prøver eg å ikkje la hundane herje rundt, noko som til tider kan vera vanskeleg med fleire unghundar og kvelpar samtidig. Om nokon bryt seg inn vil nok dei verte tekne godt imot av logrande, hoppande glade labradorar som gjerne vil vera med på tur.

Labradoren som førerhund

Håpar eg ikkje treng førarhund sjølv nokon gong. Mine hundar som har meir eller nok med å gå fint i bånd vil ikkje utan formidabel trening egne seg til nokon førarhund.. I så fall vil du raskt havne i grøfta der ein kan tisse....

Men sjølv om eg ikkje har nokon sjølv, har eg oppdretta ein førarhund og Tasha har kullsøsken som er på førarhundskulen.
I mitt første kull solgte eg to tisper til Veiviseren. Den eine tispa vart godkjendt som førarhund, den andre vart buande hjå sin forvert.

Del denne siden