Ei travel tid i desember, med mykje jobbing. Men bonusen er å ha litt ekstra tid til kvelpekull etter nyttår med mykje tid heime😀.
Neste veke leverer eg eksamen i coaching som eg i tillegg har studert i haust og då er det berre å plukke fram julepynten å kose seg saman med hundar, familie og venner i jula.
Her blir det ei hunderik julehelg. Vi skal i tillegg til dei som til vanleg er heime ha 3 ekstra hundar pga reiser, sjukdom og kvelpekull..... Men vi er jo også så heldige at de stiller opp for oss når vi har lyst på ei reise, så det lønnar seg i lengden, sjølv om det vert travelt...🤭
Vi får satse på litt snø til jul, slik at hagen vert rein å fin og vi slepp dette søleføret som det akkurat er no.. La jula komme.
Eg har oppdatert K-kullet si side.
Eg har lagt inn ein del nye bilder i albumet mitt med bilder frå vår hundeferie i Nord-Norge.
Alt står bra til med kvelpar og alle hundane her. Det er travle dagar med hundetrening, tur i skog og mark.Været er ikkje noko å skryte av så det luktar vel konstant våt hund her hjå oss.
Vi reiste til Lofoten på trippelutstilling i Leknes den 5-7 august.
Med oss hadde vi Kimsy, Baluba, Ian, Vinni og Iris.
Ei heilt fantastisk helg for oss her på kennel Irta.
Fredag for dommer Gunnilla Skallmann, Sverige.
BIR, BIG 3 med CERT Irta's Irissiri " Iris"
BIM, CERT til Kjærskov Black Askær " Ian"
BIR valp, BIG valp Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy"
CK og res CERT til Irta's Ivinnir " Vinni"
Laurdag for dommer Hassi Assenmakker, Tyskland
CERT til Irta's Ivinnir "Vinni"
BIR valp og BIG valp til Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy"
Søndag for dommer Per Iversen, Norge
CERT til Irta's Ivinnir "Vinni"
BIR valp, BIG valp og BIS 3 valp til Smart Fellow's Spreads The News "Kimsy
Var på årets første sporprøve idag. Eg var skikkeleg spent før dagen, det er spennande å starte med ny hund som skal debutere.
Trekninga gjekk unna og vi skulle starte som nr 5. for min dommer i pulja. Vente - Vente....
Endeleg var det vår tur. Ian veit kva han skal og det går avgårde. Kjempeflott spor og stolt av danskegutten min Ian. Han løyste oppgåvene sine idag og vi fekk ein flott 1.premie.
Både hund og førar var stolte når dei kom i mål:-) Herleg dag.
Ønsker vesle Kimsy velkommen til Norge.🤩 Tusen takk til Yvonne Westerlund på Smart Fellow kennel som lot meg kjøpe vesle Kimsy.
Takk til Ulrica som har søster Kira som eg fekk samkøyre gjennom halve Sverige tur / retur når eg skulle henta henne. Takk til Gro som var med for å hente valpen og selskapsdame under turen. Takk til Anette for overnatting i Sandvika. Takk til Johann, min kjære samboer som lurte på om eg ville ha den valpen og som var heime med dei andre hundane mens eg var på reise. :😘😘
Eg har lagt til fleire bilder i fotoalbumet
Bia har idag reist på påsketreningsferie hjå Rune, Marthe og Malin på Indre Hafslo. Rune skal trene Bia på blodspor og Mathe skal trene på stå til utstilling. Gleda meg til å sjå korleis resultatet blir. Ynskjer Dykk uansett lykke til og veit at de får til detta. Dei har hatt kvelp frå meg tidlegare, Irta's Canine Maxi, men som dessverre døde i 2010.
Då er eg på plass med ny adresse og ny layout på heimesida. Ville ha ei enkel side med lett tilgjengeleg oppdatering. Så det satsar eg på at eg har fått til no.