Irta's Ælly Macbeal
"
Etter: Irta's Trixie og Irta's Ivinnir
Regnr: NO40995/20
Født 21.04.2020
HD A index 106
AD: 0
Øyne: utan anmerk april 24
DNA-tester
PRA- PRCD, DM, Cysrinuria, HNPK, EIC og CM fri alle
Utstilling:
EXC
Ælly vart godkjent PADA - egnethetstesta hjå Dyrebar omsorg i mars 2024. og er ein intelligent hund å jobbe med.
Ælly er til tider familiens klovn. Set du deg ned i ein stol, vipps har du ein Ælly i fanget. Ho meiner sjølv det aldri blir nok kos å få.
Ho får med seg alt som rør seg, ho er rask i alle retningar. Elskar å prøve jakte katter, sjølv våre eigne som ho VEIT ho ikkje har lov å jage, berre må må pittelitt likevel....
Naturleg apportør, plukkar med seg det som måtte ligge i vegen.
Ho gir seg ikkje så lett, gjer ALT for ein godbit, er lydig og grei. Har mykje språk og fortel heile omverden om kva som skjer. Elskar å ta kontroll over flokken.
Er det nokon andre som treng omsorg så er ho der. Ho tok på seg rolla som reservemor når me mista mor til eit kvelpekull. Sjølv hadde ho akkurat hatt 11 kvelpar i sitt eige kull. Shit, nokon som treng ei mor. Eg fiksar!! Ho har ein heilt utruleg omsorg.
Ælly har vore med å jobba litt på skule i vår 2024 i Dyreassisterte interaksjoner med elever.
Ælly er mor til vårt G-kull som vart født 2022. I tillegg var ho på direkten "reservemor" til vårt H-kull som var født 7 veker etterpå.
Vi planlegg å parre Ælly på løpetid vinteren 24/25. Hannhund er ennå ikkje heilt bestemt
Valpe Ælly
Reservemamma
PADA