Funny kom til oss i juni 2012 som kvelp frå Latvia og var eit forsøk på å få inn ei ny linje her på kennel Irta. Etter at ho i mars vart røntga for HD og AD, fekk ho avlest grad C på HD og vi har valgt å ikkje bruke henne i avl.
Funny er frisk og rask og ho har aldri vore sjuk. Ho er aktiv i trening og roleg å ha i hus.
Funny reiser no til sin nye familie og ser fram til å vera saman med dei og deira andre labradortispe. Vi er sikre på at de kjem til å storkose dykk alle saman med Funny og hennar væremåte. Ynskjer lykke til både 2 og 4-beinte.
Funny er 14 mnd og er ein fantastisk herleg hund som alle likar. Ho er lydig og grei. God på innkalling, går fint i bånd, vant med baby i huset, oppvokst saman med andre hundar, går fint med både hannhundar og tisper. Enkel og grei hund.
Apporterer meget bra, har stort potensiale her for den som vil trene jakt. Glad i vatn og svømte som valp i fjorden her. Elskar å køyre bil, hoppar raskt inn i buret og vil vera med. Vandt til å vera med på det meste. Har prøvd seg litt på sportrening og systematisk lydigheitstrening, men kun nokre grunnferdigheiter er i boks.
Ho har vore på utstilling som valp og kan tilby ein logrande, ståande atferd.
Funny 6 januar 2013, nesten 11 mnd gammel
Etter: Liquido Rio Kompanija x Lima Anglable