Irta's Qutee- "Tuva"

Helsestatus og Resultater

Etter:  NUCH NV-16 Irta's Ola Zero og NS VCH Smart Fellow's Spreads The News

Reg nr:NO41037/15

Født: 12.04.2015

HD: Fri ( B)

AD: Fri (0)

Øyne: utan anmerking 28.11.2018

Utstilling: 2 X VG frå 2018 i AK

Anna: Qutee  eller "Tuva" bur til dagleg saman med forvert Anne og Bjørn

Qutee i kvardagen

Qutee bur til dagleg samen med Anne og Bjørn og kalles der for Tuva. Ho er kjapp og har mykje for seg innimellom,samtidig som ho er ei mjuk og roleg tispe.

Ein god blanding mellom mor og far pleier anne sei. Anne og Bjørn tek med seg Tuva med seg overalt. Vi er spente på om Tuva er den som skal føra linjene våre vidare her på kennel Irta.

Tuva er ei aktiv dame som lærer fort og er med på det meste. Det var litt av ein overgang å plutseleg måtte flytte som einebarn 9 mnd gammal til Anne og Bjørn etter at ho hadde vokse opp i flokken her heime. Men ho kosar seg hjå Anne og Bjørn.

Qutee på utstilling

Tuva har vore på utstilling i 2018 og fått 2 X Very Good i Åpen Klasse.

Qutee som apportør

Apporterer og er meget symjedyktig.

Qutee på lydigheit

Quetee er rask på labben og ei aktiv tispe. Ho går tur det meste av dagen og er i kjempeform. Bjørn og Anne gjer ein fantastisk jobb med henne. 

Ho kjem som ei kule når dei roper og kjem rett på innkalling. Ho har generell grei lydigheit, men er ikkje trena for noko konkurranser eller anna.

Qutee som avlshund

Qutee som kvelp. Vi håpar på kvelpar etter henne

Qutee som kvelp. Vi håpar på kvelpar etter henne

Vi håpar på på kunne få eit kull etter Tuva, men har prøvd tidlegare utan å lykkast. Vi håper vi får det til i løpet av 2020 før ho vert for gammal.

Qutee som liten

Del denne siden