No er alle kvelpane reist til sine nye heimar

Då har gjengen reist frå oss.

Vi ynskjer dei alle lykke til og håpar på mange gode år saman med ein ny venn, treningskamerat, familiemedlem og ikkje minst ein rampete tid med mykje jobb.

Irta's Tilma, har flytta til Førde

Irta's Trixie har vi beholdt, men bur hjå forvert

Irta's Taluna har flytta til Bodø

Irta's Twinkle Twinkle har flytta til Sverige

Irta's Truman, har flytta til Haslum

Irta's Tessa har flytta til Tromsø

Kvelpane er 6 veker

Vi har kosa oss ute i sola idag og prøvd oss på nokre bilder av dei små. Ikkje så lett å ta bilder av alle på ein gong. Men dei kosar seg veldig ute. Topsy seier det no er nok mas om mat og at kvelpane heller bør være med å leike. Ho er så flink atte.

Elle Melle

To gule jenter, kven blir kven?

To gule jenter, kven blir kven?

Da er utvelgingen starta, men ennå har eg ikkje bestemt meg for kven som skal kor. Dei er utruleg fine alle sammen og ein herleg gjeng å ha i hus. Dei et no maten sin ute og er no flytta ned i kjellaren, der dei lett kan gå inn og ut. Dette gjer at vi slepp å bære så mykje på dei og at dei får mykje meir plass å leike på.

Ein ledig hannhund

Det er fortsatt ein ledig hannhund i frå dette kullet. Det er heller usikkert om han er gul eller svart, men  det bestemmer eg nok i løpet av neste veke.

Ta gjerne kontakt dersom du er på jakt etter ein aktiv labradorhannhund frå oss.

Alle 10

Gjengen er no 5 veker og herlege kvelpar på alle måtar. Dei et maten sin ute no og gjer flott frå seg og leikar rundt på gårdsplassen før dei kjem inn att. å slik held vi no på gjennom dagane.

Alle er veldig jevne kvelpar med gode pigment og herlege vesen. Ingen som skiller seg særleg ut i  den eine eller andre veien. Veldig flott gjeng som eg er meget fornøgd med. Mamma Topsy begynner å bli litt lei bitinga til 10 små og ser helst at dei heller no vil leike med henne. Ho seier no frå at biting er ikkje lov, men leiking og kos er heilt supert:-)

Kosar seg ute i det fine været

vanskelig å ete av skål

Første mat for gjengen

9 oktober

Alt er berre bra med dei 10 små. Dei veks og trivst godt. No har alle fått auger og vi har flytta dei til større plass, då dei stadig er meir aktive. Den første maten har vi allerede servert og dei kosar seg .

21 september

Då kom Topsy sine kvelpar.  Etter ein lang oppblokkingstid og ein lang fødsel er det endeleg over.

 Vi sit att med 10 flotte kvelpar som hadde ei fødselsvekt på mellom 400-500 gr og som  er meget jevne. Topsy var heilt fantastisk og født til å være ei fantastisk mamma for sine små. Ho utstråla ein fantastisk ro og kontroll som du skal leite lenge etter. Ho var ein drøm å ha i fødsel og fødte lett dei 9 første. Eg trudde det no var over og Topsy la seg til å sova og det skjedde ikkje noko meir, men nei plutseleg såg vi nokre svake rier og vi reiste til dyrlegen for eit røntgenbilde og det var 2 att som også ville ut.

Etter 18 timar etter første kvelp kom nr 10, litt slapp, men flott gul hannkvelp som klarte seg. Nr 11 klarte seg dessverre ikkje. Men vi er kjempenøgde med den flotte gjengen vår og gledar oss til at dei veks opp her hjå oss og er klare for nye heimer og nye opplevingar når det tiden nærmar seg. Vi skal gjere alt vi kan for å¨forme og gi dei den stimulien dei treng før dei er klare for livets utfordringar i nye heimar

 

Det nærmar seg

Topsy begynner å verte tung og det nærmar seg for fødsel. Kvelpekassen er kommen opp og vi er klare til å ta imot vårt T-kull.

Vi tek temperatur og passar på henne , for no skjer det nok ein av dei første dagane. Vi er klare og håpar alt går fint gjennom fødselen. Det er alltid ei spennande tid dette med kvelpefødsel og ein uro som er til å ta og føle på for ein oppdrettar.

Vi håpar vårt T-kull kjem i September

Topsy, mor til kullet, Her på bildet berre 6 mnd gammel. Babyface

Topsy, mor til kullet, Her på bildet berre 6 mnd gammel. Babyface

Irta's Opal " Topsy" er parra med EUJW-15 NJV -15 Narjana's Olah Octavian " Olah" og dei ventar kvelpar ca 22 september.

Vi ventar gule og svarte kvelpar i dette kullet.

Far til kullet:

Olah, far til kullet

Olah, far til kullet

EUJW-15 NJV -15 Narjana's Olah Octavian " Olah"

Ein kjempekjekk kar som fortjener alt han har oppnådd hittil. Han shower og koser seg i utstilingsringen og apporterer med Silje på trening. Vi er svart takknemlig for å fått lov å bruke denne kjekke herremannen på vårt T- kull.

Olah er ein herleg gutt som bur saman med Silje og fam på Maura. Sjå meir om Olah på kennel Narjana's sine sider.

 Narjana

Olah vinner BIR i Danmark September 2016

Olah vinner BIR i Danmark September 2016

Del denne siden