Ein flott vinterdag

14. feb, 2017

Sol, barmark og kuldegrader har prega været her hjå oss siste tiden. Kvelpane har fått vore mykje ute/ inne og kosa seg i hagen i sola. Flott for alle, flinke hundar som gjer frå seg ute og som søv godt om natta.

Del denne siden

skal, skal ikkje

14. feb, 2017

Hoppe over eller finne på noko fanteri? Skal tru kva dei tenkjer alltid.🙂

Mammaleik

14. feb, 2017

Mamma Baluba likar å leike med kvelpane, men stikk som regel av med alle kosedyr og leiker som måtte finnast inne i hundehagen der kvelpane leikar seg.

Vi har vore så heldige den siste tiden, så kvelpane har vore flinke til å gå ut og gjere frå seg. Dei er utruleg flinke små. Så no er eit godt grunnlag lagt og alle skal til veterinærsjekk og så reiser dei ut i den store verda alle saman berre på nokon få dagar.

Irta's Uno

14. feb, 2017

Ein einsom gul gutt i kullet fekk navnet Uno. Han er ein flott kar som gledar seg til å møte att sin nye familie. Han fekk jo så mykje kos og stell når dei var på besøk for å helse på han:-)

Irta's Uzzi

14. feb, 2017

Uzzi har eit klart grep om den fine due-bamsen som kvelpane har. Ikkje noko feil med apporteringseigenskapane her.

Ho gledar seg til å få apportere og bruke nasen sin i sin nye heim.