Ledig gul hannkvelp

Då nærmar vi oss levering av kvelpar, men har fortsatt ein hannhund som vi ikkje heilt veit kor skal. så er du interessert i ein aktiv labradorkvelp frå oss, så ta gjerne kontakt for ein uforpliktandes valpeprat.

Vi er registrert og har fått navn

Irta's Xelfie, gul tispe

Irta's Xanthippe Toya, svart tispe

Irta's Xtra Peppa, svart tispe

Irta's Xo Rubble, gul hannhund

Irta's Xenon, gul hannhund

Uteservering

Flinke og gode kvelpar et maten sin ute. Godt på veg til å verta reinslege.

Veks og trivst

Alle kvelpane blir stelt og kosa med og har hatt mykje besøk. Dei blir handtert kvar einaste dag og veks opp saman med ungar, kattar,andre hundar og ei temmeleg galehus her hjå oss. Dei skal bli skikkeleg "herda på lydar, smell, bråk og alt det som føregår i ein familie.

Kvelpane har frå dei var 4 veker ete maten sin ute og vi bærer dei ut og inn til kvart måltid. Når dei er ca 6 veker går dei trappetrinna ned frå gangen og til hagen utan hjelp. så då er dei kjempeflinke til å gjera frå seg ute og er godt i gang med å verta reinslege.

Kvelpane født

30 september kom 6 kvelpar til verden her hjå oss, men den eine svarte tispa var dessverre dødfødt. Emma er ei veldig flink og tolmodig mamma som steller sine små på den beste måten ein kan tenke seg.

Gul tispe

2 gule hannhundar

2 svarte tisper

Emma + Zero er sant

Emma vart parra med vår eigen Zero den 6 august og vi ventar kvelpar ca 6 oktober.

Emma er god og rund, så her vert det nok av kvelpar.

Del denne siden