Dei reiser til sine nye heimar

7. aug, 2017

Helga har vore travel med levering av kvelpar. Vi er jo så heldige som har fått så mange flotte kvelpekjøparar i heile landet. Ein flott gjeng, vi gledar oss til fortsetjinga og sjå dei alle vekse opp.

Irta's Vanilje var den første som reiste, den gule jenta skulle til Aurland og hadde ikkje så lang køyreveg.

Irta's Valdino ,svart hannhund reiste til Bergen

Irta's Vesle Vilma,svart tispe reiste til Nesbyen

Irta's Vipps, svart hannhund reiste til Bergen

Irta's Vilmer, svart hannhund reiste til Trondheim

Irta's Vitanok, gul hannhund reiste til Telemark

Irta's Vitus reiste til Sande i Sunnfjord

Irta's Viper reiste til Trondheim.

Del denne siden

Dei veks og trivst.

29. jun, 2017

Alle kvelpane veks og trivst godt. Dei har fått auger heile gjengen og vi har starta å gi dei kvelpemat i skål. Dei høyrer litt og kjem til meg når maten vert servert, dei reagerer raskare og raskare for kvar dag som går.

Skikkeleg gode alle 8. dei er meget jevne og fine.

8 store kvelpar

19. jun, 2017

Natt til 8 juni kom det på keiserleg vis 8 svære kvelpar. Det starta så flott, men ei flott oppblokkingstid og alt såg så bra ut, men det stoppa med det. Lea hadde kraftige veer, men det kom ikkje nokon kvelp ut.

Det viste seg at det var ein svær kvelp som sat fast i bekkenet og kom ikkje lenger. Det enda med keisersnitt og ut kom 8 store flotte kvelpar som har etter den tid vorte kalla for "flodhestane" våre.

Det vart født 6 hannhundar (2 gule og 4 svarte)

2 tisper( ei gul og ei svart)

Slik det ser ut no, ha me nok kjøparar til alle i dette kullet.

 

 

Det nærmar seg kvelpar

6. jun, 2017

Lea er stor og tung no og det er vanskeleg å få lagt seg skikkeleg. Men ho er ved godt mot og prøver så godt ho kan. Det går noko nokon dagar ennå før vi har kvelpane her, men det er ikkje så lenge att no.

Far til kullet- Ålflasker Arthur Duncan

6. jun, 2017

"Yes" skal bli pappa til sitt andre kull og er jo fortsatt ein ung hannhund i sin "verste" alder. Men polettane dett stadig på plass, så han vert nok ein grei hund med tiden han også:-)

Han er ein meget snill hannhund og veldig omgjengeleg med alle andre hundar. Har har det  til tider litt travelt og kan være litt "klomsete".Han er ikkje av dei største, men kraftig og fin type. Han har aldri vore behandla hjå veterinær for anna enn vaksine, markkur og røntga ved 1 års alder for HD / AD. 

Ein aktiv krabat og snill innerst inne, men ikkje alltid tid til å syne det fram ennå.  Ein uredd type som berre hoppar inn i det meste og håpar det går fint. Om ein krasjar litt, så er det berre å prøve ein gong til....